Jol-dan-kalde

Av Herborg Kverneland (1985)

Om kunstverket

I hagen til den tidlegare skogvoktarbustaden i Njåskogen ligg restane av ein kjempestein som vart sprengd då vegen vart bygd kring århundreskiftet 1899/1900. Denne steinen heiter "JOL-DAN-KALDE". Dette merkelege namnet skal skriva seg frå ei segn om tre unge jenter som fraus i hel ved steinen ei julenatt for lenge, lenge sidan. Då dei på heimveg frå julemoro på Serigstad kom ut for ein snøstorm, søkte dei ly ved steinen. Juledags morgon vart dei funne her, livlause.
Jæren Skoglag AS har planta kring steinen, og i 1985 vart det sett opp ei minneplate. Der vert soga om dei tre jentene fortald, og Herborg Kverneland har laga ein liten dekorasjon på plata med kross og snøkrystall, innskriven i ein sirkel, ved sida av teksten.

I Knudaheibrev (1904) skriv Arne Garborg:

" ... Foreldra mine hadde ikkje tort fortelja meg ei soge eller eit eventyr om dei hadde kunna aldri så godt. Jamvel besteforeldra våga seg ikkje innpå slikt. Ho mormor var hjå oss stundom; ho sat då helst og spann, og rødde om mykje og mangt; ho kunne og stundom fortelja om gamle dagar. Men ho fortalde lite som me småfolk kunne bry oss om, og aldri eventyr. Ein einaste stubb hugsar eg etter henne. Det var om ein stor stein i Njåheiane, der tri systrer skulle ha frose i hel. Sidan, sa ho, kalla dei steinen Joldan-Kalde."

Relaterte artikler