Steinvarde Mærliskaret

Av Skuleborn på Undheim (2001)

Om kunstverket

Steinvarden i Mærliskaret på Undheim er til minne om Olav Garborg. Det vart reist i 2001 av borna på Undheim som ei gåve til krinsen.

Ein av våre største diktarar, Arne Garborg, vart fødd som Aadne Eivindsen Garborg den 25. januar 1851 på garden Garborg i Time kommune. Der budde han til han var godt femten år. Då flytta han frå heimkommunen for godt. Diktaren fekk tidleg ein veg oppkalla etter seg, men det skulle gå mange år før han vart heidra med eit eige monument i heimbygda si. Stavanger hadde for lengst fått sitt: Gunnar Janson (1901-83) si Garborgstatue kom på plass i Byparken i høve hundreårsminnet for diktaren i 1951.

I 1974 fekk Time kommune sitt første Garborgmonument; bronsestatuen «Veslemøy», som står ved Time Rådhus og er laga av Fritz Røed (1928 - 2002).

I det store Garborgåret i 2001 fekk Time fire nye Garborgminnesmerke: Steinvarden i Mærliskaret på Undheim, steinandletet «All denne fagre utsyn» i Knudaheio av Hugo Frank Wathne (1932 - ), som ei gåve frå Arild Håland, bronsestatuen «Garborg» på Bryne Torg av Fritz Røed, og jernskulpturen «Falling Out» ved Sivdamsenteret laga og gitt av Arne R. Garborg (1928 - ), diktaren sin grandnevø i Washington på nordvestkysten av USA.

Dei fem monumenta er på kvar sin måte ei hylling til jærbuen og europearen Arne Garborg, ein av våre største diktarar og samfunnsformarar. (Kjelde: Sigvart Reime, "monument og minnesmerke i Time")

  • Kunstner:
  • Tittel: Steinvarde Mærliskaret
  • Kategori: Annet
  • År 2001
  • Stil: Annen
  • Materiale / medie: Stein
  • Teknikk: Bauta
  • Beskrivelse teknikk/medie Lødd, støypt steinrøys med minneplate
  • Sted Undheim
  • Plassering Mærliskaret på Undheim
  • Kulturminne Kunst, statuer, monumenter etc.

Skuleborn på Undheim

Les mer...

Relaterte artikler