1900

Av Ukjend (1900)

Om kunstverket

«Nittenhundre-steinen» står i vegkrysset nedanfor Norheim-garden. Då den nye bygdevegen mot Undheim i året 1900 nådde Norheim, vart det reist ein stein i krysset der vegen deler seg, og etter den tid heiter staden 1900-krysset.

Eit stort vegprosjekt vart gjennomført kring førre århundreskiftet i Time, og hovudvegen mellom Garborg og Kverneland var ferdig år 1900. Vegen vart forlenga til Nærbø og Varhaug stasjon i 1913 og 1923. Men heile dette prosjektet var ikkje ferdig før i 1935, då vegen endeleg vart forlenga frå Kvernelands fabrikk og nordover til Ganddal stasjon. Denne vegen avløyste den gamle Øvre Jærvegen frå ca. 1820. Denne vegen gjekk frå Åse i Ganddal via Orstad, med bru over Figgjoelva. Så via Frøyland/Kverneland til Njå, Time, Fosse og Mossige.

  • Kunstner:
  • Tittel: 1900
  • Kategori: Annet
  • År 1900
  • Materiale / medie: Stein
  • Teknikk: Bauta
  • Beskrivelse teknikk/medie Årstal hogd i steinbauta
  • Sted Riksveg 506
  • Plassering 1900-svingen, der Riksveg 506 og 505 skiller lag mot Kverneland og Undheim
  • Kulturminne Kunst, statuer, monumenter etc.

Ukjend

Les mer...

Relaterte artikler