Gravhaug for Ole Tjøtta

Av Ukjend

Om kunstverket

Ole Tollefsen Tjøtta vart fødd i Klepp den 23. april 1880. Faren var småbonde og Ole voks opp i stor fattigdom. Han viste tidleg uvanlege kunstnarevne, særleg var han flink til å teikna. Etter eige ønske fekk han etter konfirmasjonen gå i målarlære hjå ein målarmeister på Sandnes. Om ikkje anna kunne han der bruka sine handverksmessige evner. Då han var atten år begynte han på Den Tekniske Aftenskolen i Stavanger.
Rundt 1900 vart han elev ved Tegneskolen i Oslo.og debuterte på Statens høstutstilling i 1902. I Oslo budde han hjå Hulda og Arne Garborg. Dei fekk han inn som elev ved Harriet Backer sin private målarskule. Erik Werenskiold fekk sjå arbeida hans, og fekk gjennom midlar frå kunstnarvelgjeraren Olaf Schou til eit studieopphald for Tjøtta i København. Tjøtta treivst i den danske hovudstaden, og det gjekk godt med han. Men då midlane frå Schou tok slutt, gjekk det fort nedover. Han mista lysten til å arbeida, og syntes ikkje at han fekk til noko lenger. Han prøvde seg som forfattar, men det vart aldri til noko.
Etter korte opphald i Dalarø i Sverige og Oslo, flytta han heim til Jæren og slo seg til på Varhaug. Der gjekk han inn i ein god og produktiv periode. Særmerkt for Tjøtta sin kunst er at han fekk fram det typisk jærske, sjølv om motiva ikkje nødvendigvis er "frå Jæren".
I 1922 laga han hovudarbeidet sitt, ei jærfrise som skulle smykka det nye apoteket Viben på Bryne. Frisa består av bilete frå hav til hei på Jæren, og Tjøtta har med høg kunstnarisk integritet biletlagt det typiske ved jærnaturen, der «både de små skiftninger som den store helheten er fanget og beholdt» (Hild Sørby).

Noko av det siste Tjøtta signerte før han døydde i 1930 var det uferdige «Likferd på Jæren», som Christian Krogh i si tid hadde hatt store forventningar til. Dette biletet tilhøyrer nå Stavanger Faste Galleri (Stavanger kunstmuseum).

Gravhaugen med steinen og paletten på Time kyrkjegard er ei takk frå vener i heimbygd og by. Gravhaugen ligg i det nordaustre hjørna på kyrkjegarden på Time. På ein stilisert koparpalett på ein stein på haugen står det: O. Tjøtta. Det går ikkje fram av nokon opplysningar som er funne kven som har utført arbeidet og heller ikkje kva tid det vart gjort.
(Kjelde: Sigbjørn Reime, "Monument og minnesmerke i Time")


Relaterte artikler