Minnelunden på Mossige

Av Ukjend (1819)

Om kunstverket

Like ved FV 201 Undheimsvegen, på Mossige, ligg det ein innegjerd liten hage med tre og ein liten jernport. Midt inne i hagen ligg det ei stor steinhelle. Der er følgjande tekst innhogd: «Den 28. Aug. fik min uforglemmelige Fader Ingebreth Svendson sit Dødsbud i sin Alder 67 Aar, for hvis Minde dette er gjort, som er mig undertegnede et dyrebart Klenodie. S.M.»

Ingebret Svensen Mossige levde frå 1752 til august 1819, som steinen fortel. Han var bonde på Mossige frå 1778 til 1803. S. M. er initialane til sonen Svend Ingebretsen Mossige, som levde frå 1780 til 1835. Sven var bonde på Mossige frå 1803 til 1835. Han var både lensmann og stortingsmann (1818 og 1830). Sven vart kalla «sylvsmeden på Mossøgje». Han var òg interessert i fruktdyrking, og fekk med seg stiklingar frå ein stortingskollega frå Ullensvang i Hardanger, Johannes Pederson Aga (1767-1838). Aga var som Sven både bonde og lensmann. Stiklingane vart først planta på Mossige, og delte med slektningane til Sven på Garborg. Dei fekk etter kvart namnet «Garborgeple».

Sonen til Sven, som sjølvsagt heitte Ingebret (1812-1862), var òg både bonde, lensmann og stortingsmann. I 1837 vart han vald til den første ordføraren i Time, då det første formannskapsmøtet vart halde i tingstova på lensmannsgarden på Mossige. Også handlaget gjekk i arv: Sven teikna både Timekyrkja frå 1859; det første skulebygget i Time like nedanfor Timekyrkja; og steinbogebrua på Skjæveland. Arne Garborg var god venn med Sven, og hugsa han spesielt fordi han var så flink til å teikna. (Kjelde: Sigbjørn Reine, "monument og minnesmerke i Time")

  • Kunstner:
  • Tittel: Minnelunden på Mossige
  • Kategori: Annet
  • År 1819
  • Stil: Annen
  • Materiale / medie: Stein
  • Teknikk: Objekt
  • Beskrivelse teknikk/medie Steinbord og lødd steinmur
  • Sted Mossige
  • Plassering Ved FV 201 Undheimsvegen, på Mossige
  • Kulturminne Kunst, statuer, monumenter etc.

Ukjend

Les mer...

Relaterte artikler