Minnelund ved Time kyrkje

Av Ukjend (1945)

Om kunstverket

På Time kyrkjegard er det ein minnelund for falne under andre verdskrig. Historia er denne: I 1942 vart seks unge menn frå Time arresterte av tyskarane og sende til Trandum. Der vart fem av dei, Jørsten Johansen, Jørsten Johansen, Andreas Steinsland, Augustus Steinsland og Ole Rosland dømde til døden, og avretta i Trandumskogen 21. mai 1942. Den sjette, Bjørn Rosland, vart benåda fordi han var så ung.

Etter krigen vart dei unge døde heidra med ei støtte med minneplate. Plata inneheld namna på dei fem og teksten "Dei ofra livet for fedrelandet". Minnehøgtida var den 8. september 1945, og samla det største gravfylgjet som nokon gong har vore i Time.

Den andre gravsteinen i lunden er frå 1948 for Tønnes Skjæveland. Skjæveland sat på Grini og seinare vart sendt til konsentrasjonsleiar i Tyskland, der han døydde. Kona Aaslaug Skjæveland er gravlagd saman med mannen.

Minnesmerke over andre timebuar som gav livet sitt for Noreg under andre verdskrig; Ragnar Falck, Torvald Hetland, Johan Ludvig Hjorth, Theodor Kaastrup, Jon Lemvik og Olav Øyri. Minnesmerket vart avduka 17. mai 2018 og er plassert mellom dei to gravsteinane. Kvar 17. mai er det før gudstenesta i Time kyrkje ei kort minnemarkering ved desse gravene. (Kjelde: Sigbjørn Reime, "Monument og minnesmerke i Time")

Ukjend

Les mer...

Relaterte artikler