Petter Solberg

Av Hugo Frank Wathne (1992)

Om kunstverket

Relieffet av Petter Solberg - Formann i Brynes Vel 1934 - 1964 - er utført av kunstnaren Hugo Frank Wathne og støypt av Jon Serigstad. Det er plassert ved inngangen til broa over til friluftsområdet på Sandtangen. Peter Solberg var meieribestyrar og formann i Brynes Vel, då dei kjøpte Sandtangen og Vardheiskogen i 1934. Han stod sentralt i å utvikla både Bryne sentrum og friluftsområdet.

Hugo Frank Wathne (1932 - 2017) fekk interesse for biletkunst gjennom sin far, og starta i pottemakarlære hos Emanuel Simonsen i Sandnes.
Watne utdanna seg ved keramikklinja på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo, Statens Kunstakademi i Oslo under Per Palle Storm og Per Krohg, kunstakademiet i København under Gottfred Eickhoff og Académie de la Grande Chaumière i Paris. To år etter si første separatutstilling i Stavanger Kunstforening debuterte han på Vestlandsutstillinga i 1957. Kunstnaren er kjent frå ei rekkje utsmykkingar og verk i offentlege samlingar (Kilde: Wathne, Berit: Hugo Wathne i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Henta13. juli 2021 frå https://nkl.snl.no/Hugo_Wathne)


Relaterte artikler