Ole Gabriel Kverneland

Av Ottar Espeland (1939)

Om kunstverket

Kunstnar Ottar Espeland (1913-96) har laga denne bysta av Ole Gabriel Kverneland (1854-1941). Espeland var frå Stavanger, og har mellom anna laga statuene av Sigval Bergesen og Christian Bjelland i Stavanger, og det store Wergelandmonumentet på Eidsvoll.
Ole Gabriel Kverneland starta smia på Kvernaland i 1879. Denne vesle smia skulle bli starten på eitt av dei verkeleg store industrieventyra på Jæren. Kverneland var gründer mange år før ordet kom i bruk. Den vesle smia hans utvikla seg til det som i dag er Kverneland ASA, den største plogfabrikken i verda.
I 1870 begynte Ole Gabriel på Budde sin landbruksskule på Austrått i Høyland. To år seinare prøvde han ut den første plogen sin på Norheim, der det var premiepløying. Der fekk han sølvmedalje, som var den høgste premien. På ei stipendferd til Sverige fekk han sjå ein amerikansk fjørhamar. Den teikna han av etter minnet, så reiste han heim og utvikla denne vidare sjølv. Han kjøpte vassfall, bygde smie og vasshjul, og snart kunne hammaren slå sine første slag åleine. Nå var det snakk om industrismie, og dermed vart ikkje vegen lang til fabrikkproduksjon.

Kverneland tok initiativet til å byggja kraftstasjonen på Fotland som stod ferdig i 1915. Han var formann i anleggskomiteen og sat seinare i verksstyret. Mange var skeptiske til kraftstasjonen, og då straumen vart slått på pinseaftan 1915 hadde mange møtt opp for å sjå underet: Lys av vatn. Mange hadde nok òg møtt opp for å konstatera at det ikkje kom lys. Men dei måtte gå heim att med uforretta sak.

Statuen av O. G. Kverneland står utanfor den første smia, som i dag er bedriftsmuseum. Han vart avduka i 1939, då Kvernelands Fabrikk feira sitt 60 års jubileum. Då var grunnleggjaren 85 år.

O. G. Kverneland har fått ein veg på Kvernaland oppkalla etter seg.
(Kjelde: Sigbjørn Reime "Monument og minnesmerke i Time")

Relaterte artikler