Sven Aarrestad

Av Ståle Kyllingstad (1959)

Om kunstverket

Statua av Sven Aarrestad (1850 - 1942) er laga av kunstnaren Ståle Kyllingstad (1903-1987).
Aarrestad var bonde, lærar, redaktør, stortingsmann, landbruksminister og til slutt amtmann i Nedenes, i dag Aust-Agder. Han har gjeve ut fleire bøker.
Aarrestad var ein ihuga fråhaldsmann, og det er derfor han har fått ein bauta reist etter seg. Fleire instansar innan fråhaldsrørsle og losjeverksemd tok initiativet til eit minnesmerke over denne hovdingen, og det vart gjeve pengegåver frå kommunar, lærarlag, fråhaldslag, losjar og ungdomslag for å realisera tanken. Alle var samde om at statuen burde stå i heimbygda til Aarrestad, Time.
Oppdraget med statuen vart gjeve til bilethoggaren Ståle Kyllingstad, opphavleg frå Lyngdal, men busett i Stavanger.
Avdukinga var den 26. juli 1959 i høve 100-årsjubileet for DNT.

Statuen er av mørk syenitt frå Larvik. Påskrifta lyder: «Reist i takksemd.»
Sven Aarrestad har òg fått ei gate på Bryne oppkalla etter seg.
(Kjelde: Sigbjørn Reime "Monument og minnesmerke i Time")

Relaterte artikler