Torkell Mauland

Av Erik Haugland (1948)

Om kunstverket

Bysta er laga av stavangerkunstnaren Erik Haugland (1894-1965) og er ei hylling av læraren og målmannen Torkell Mauland (1848 - 1923) .
Mauland er ei viktig kjelde til kunnskapen om "di Garborg" gjennom mange avisartiklar og skrifter. Han hadde førstehandskunnskap om emnet, sidan han kjende dei han skreiv om personleg.

Torkell Mauland var ein framståande skulemann og målmann. Han tok initiativet til at det vart skipa eit mållag, Jadarbulaget, i Time. Han var mellom anna lærar i Stavanger og i Ryfylke, og dei siste femten åra i Oslo. Etter femti år i skulen gjekk han av, og vart statsstipendiat for å driva med bygde- og kulturhistorie. Og det er som folkeminnegranskar at han gjorde sin største innsats. Han gav ut fleire bøker, mellom anna «Trolldom» og «Prestane paa Lye»; og var redaktør og forfattar av mange kulturhistoriske skrifter.
Då Mauland døydde i 1923 skreiv Garborg minneord om han i «Syn og Segn». Minneorda vart seinare utgjevne som særprent.
Bysten av Torkell Mauland er det første heidersteiknet over ein einskildperson som er avduka i Time. Den vart reist av Rogaland Historielag hundre år etter at han vart fødd, i 1948. Initiativet kom frå journalisten og forfattaren Theodor Dahl i 1946, men han fekk ikkje oppleva avdukinga. Dahl døydde før bysten var ferdig.

Den kjende skulemannen Severin Eskeland heldt talen og stod for avdukinga. I talen sin kalla han Mauland «... sogemannen som lyfte folkesjela opp i ljoset, slik ho spegla seg av i arbeidet, i levemåten, i sed og skikk og i all åndeleg arv. Frå ungdomen av gjekk arbeidet hans ut på å leggja grunn under heimekjensla. Difor står biletet hans trygt her på heimleg grunn.»

Torkell Mauland har òg fått ein veg oppkalla etter seg i heimekommunen. (Kjelde: Sigbjørn Reime "Monument og minnesmerke i Time")

Relaterte artikler