Brobygg

Av Aina Reinertsen (1977)

Om kunstverket

Aina Reinertsen (f. 1919, Sandnes) arbeider hovudsakleg naturalistisk i sine akvarellar. Spennvidda i formspråk, motivkrets, materialar og teknikk er imidlartid langt større i biletveven. Formspråket varierer frå naturalisme via meir abstraherte og stiliserte former til et nonfigurativt biletuttrykk.
Inspirasjonen og ideane hentar ho oftast frå naturen. Fargene er vanlegvis få, men til gjengjeld nyttar ho til fulle valørane og nyansane kvar enkelt farge har.
Reinertsen arbeider både med sjølvfarga garn av urtar og med kjemisk ferdigfarga garn. Hun vever med ulike garntypar og materialar. Ved å kombinere hard tvinna garn med mjukare og meir melerte garntypar, oppnår ho ei stofflegheit som gir biletflata liv og spaning. Ho lagar stort sett tradisjonell biletvev som ho varierer og kombinerer med slyng, vikling- og fletteteknikkar. (Kjelde: Norsk kunstnerleksikon I - V, 1982 - 86)

Relaterte artikler