Home

Av Therese Refvik (2018)

Om kunstverket

Biletet Home er laga av signaturen TREF, Therese Refvik. Det er ein stensil på plate og viser ein gut som står på ryggen til ein annan og kikkar ut mot eit landskap. Det er ikke klårt om landskapet er eit bilete eller om guten ser ut gjennom eit vindauga. "Home" er gitt i gåve til kommunen i samband med utmerkinga som Årets IA-bedrift 2018 (inkluderande arbeidsliv).
Refvik er heimehøyrande i Stavanger. Kunstnaren tar ofte utgangspunkt i eigne foto eller foto ho finn på nettet , som ho videreutviklar i sine motiv.

Relaterte artikler