Om kunstverket
Maleriet viser fem kvinner på veg oppover mot eit fjell. Ei lysstråle treff toppen av fjellet og eit lite fossefall er å sjå i bakgrunnen. Ei av kvinnene bærer på eit åk med to bøtter. Ho har henta eller skal hente vatn. Motivet er malt i lyse og lette tonar og kan lesast i ein religiøs kontekst. Det kan også lesast som ei søken etter kunnskap (opplysning), symbolisert ved lys og kjeldevatn. Maleriet er ikkje signert, men kan vera ein tidleg Andreas Bøe eller Oscar Søreime. Det er malt på plate og har ikkje ramme.