The Lovers

Av Pøbel (2020)

Om kunstverket

I 2020 vart dei første tilfella av Covid-19 oppdaga i Noreg. Til liks med dei fleste land i verda, stengde landet etter kort tid ned skular og arbeidsplassar, i eit forsøk på å kontrollera den smittsame pandemien. Brått vart landet stille. Folk fekk ikkje møtast om dei ikkje alt budde saman, matvarer som mjøl og gjær vart hamstra, dei som kunne vart pålagde å ha heimekontor. Frisørsalongar, fysioterapi, tannlegesenter og utestader stengde og heile idretts- og kulturlivet stansa opp. Midt i dette dukka det opp eit kunstverk på Bryne, som har fått merksemd over heile verda; "The Lovers", laga av Pøbel. Plasseringa var førehandsgodkjend av kultursjef Trond Lie og Bane Nord, som eig togundergangen der verket er plassert. Kunstverket vart raskt populært og fekk merksemd også internasjonalt. I tillegg havna bildet hos Norsk Folkemuseum i Oslo - i samlinga som viser korleis folk har levd i Norge fra 1500-tallet og frem til i dag. Ifølge kunstnaren er motivet eit symbol på at livet går sin gang og at sjølv om alle går gjennom ei hard tid, finst det kjærleik, lidenskap og medmenneskelighet. Diverre vart kunstverket tagga ned med eit rosa hjarte, plassert over mundbinda til figurane, men det vart raskt fjerna. Både tagginga av eit hjarte og det at det så raskt vart fjerna, kan sjåast som prov på kor populært verket vart.

Pøbel er ein kjend urban kunstnar frå Jær-regionen. Han føretrekkjer å vera anonym og få kjenner identiteten hans. Pøbel har arbeidd med sjablongmaleri sidan slutten av nittitallet, men begynte ikke å mala ute før i 2002, fascinert av graffiti- og gatekunstrøyrsla i dei større byane. Pøbel innsåg snart at det ikkje var gater som lokka han mest og vart inspirert til å plassera den urbane kulturen i ingenmannsland. Prosjektet hans i Lofoten, kor han saman med bergenskunstnaren Dolk tok i bruk gamle husvegger og løer som "lerret", gjorde raskt områda til turistdestinasjonar. Pøbel er sterkt kritisk til det han kallar ein villa sentraliserings-politikk og ønskjer å revitalisera område som står i fare for å verte fråflytta. Eit av dei seinare, store prosjekta hans er Komafest i Vardø og Teriberka (Russland). Kunsten til Pøbel kommenterer forhold i samtida og er ofte politisk. Kunstnaren fekk internasjonal merksemd då han malte eit "mute-teikn" (lyden av) over president Donald Trumps stjerne på Hollywood Boulevards "Walk of Fame" i Los Angeles.

Relaterte artikler