Utan tittel

Av Knut Bry (2008)

Om kunstverket

I 2008 fylte Bryne 87-år som "Bryne" og 7 år som by. Knut Bry fotograferte då byen gjennom fire årstider, og gav ut boka "Bryne portrett av ein by". Boka hadde tekstar av Jan Zahl. Boka fortel mange små historier, med ulike stemmer, frå ulike generasjonar og ståstader. Dette biletet viser ein person som luftar hunden sin, sett mot ein slitt, gul husvegg. Knut Johannes Bry (født 3. oktober 1946 i Hovet i Hallingdal) er ein norsk fotograf og filmregissør, særleg kjend som reklame-, mote- og kunstfotograf. Han har vunne fleire prisar, blant anna «The American Photographer» i kategorien for mote i 1986, årets fotograf i Norge frå Kreativt Forum i 1989 og fotografiprisen frå Norges Fotografforbund i 1994. (Kjelde: Wikipedia) Biletet har ikkje nummerering (opplag)

Knut Bry

Les mer...

Relaterte artikler