Om kunstverket
Ragnar Olaf Hauge (f. 1947 i Oslo), også kalt Roh, er ein allsideg kunstnar som arbeider i ulike uttrykksformer som skulptur, grafikk, måleri, fotografi, video, teikning, keramikk og digitale uttrykk. Han har hatt ei rad utstillingar og prosjekt sidan 1980 og har mottatt både Vederlagsfondets stipend, Norske Grafikeres arbeidsstipend og Lier kommunes kulturstipend. Dette fatet er laga i keramikk og syner eit stilisert (forenkla) andlet. Fatet er 40 cm i diameter og ikkje datert.