St. Sunniva

Av Kjell Stig Amdam (1999)

Om kunstverket

Biletet er laga av Kjell Stig Amdam. Kunstnaren vart født i Trondheim i 1941. Amdam har arbeidd mykje med religiøse kunstuttrykk og kyrkjekunst. Han er innkjøpt m.a. til Erkebispegården i Trondheim, til bispegardane i Bergen og Molde og av Sør-Trøndelag fylke. Biletet syner helgenen St. Sunniva. Teknikken er litografi og kunstnaren har lagt bladgull på enkelte felt, slik det ofte vert gjort på ikon for å framheva at motivet er av ein heilag person. Gullet viser då til Guds heilage lys. Trykket er merka med E. A. Det vil seie at kunstnaren sjølv har trykt biletet og lagt bladgull på. Ifølge legenda var Sunniva ei irsk prinsesse som levde på 900-tallet. Ho ville bli nonne, men blei forsøkt tvunge til å gifta seg. Ho flykta, og endte opp på øya Selja. Håkon jarl skal ha sendt menn til øya fordi han trudde det var vikingar som hadde kome. Sunniva og følgjesvenene gjømde seg i ei hule, og då dei ba om Guds hjelp, raste steinar ned og dekte hula. Seinare fann to bønder ein hovudeskalle og kjende ei søtleg lukt, noko som gjerne vart tolka som et teikn på heilegheit. Sunniva art ein vikteg helgen, og Selje kloster blei reist på øya kor hun døydde. Relikviane hennar blei lagde i eit helgenskrin, og etterkvart overført til Bergen etter at Selje bispedømme skifta over til Bjørgvin bispedømme. (Kjelde Lokalhistoriewiki.no)

Relaterte artikler