Utan tittel

Av Ivar Haugen (1992)

Om kunstverket

Måleriet er laga av Finnøy-kunstnaren Ivar Haugen. Biletet er ei gåve frå Rogaland fylkeskommune til Time kommune, i samband med opninga av Storstova som regionalt kulturhus, 5. mai 1995. Haugen uttrykker seg hovudsakleg i eit figurativt formspråk, med akrylmaling på plate i store maleri. Motivkretsen er som her landskap, men han maler òg innsekt, torsoar og hovud. Dette maleriet viser eit dyrka mark og hus, med fjell i bakgrunnen. Kanskje er motivet frå ei øy eller i alle fall frå eit landskap som grensar til vatn eller hav.

I 2009 opplevde kunstnaren å få øydelagt alle kunstverka han hadde i atelieret sitt i en brann. Mellom 60 og 70 store måleri og mange grafiske arbeid gjekk tapt. Med det gjekk 30-40 års kunstnarleg virke opp i flammar. Heldigvis er Haugen ein populær kunstnar, så mange av verka hans er kjøpt av private og offentlege institusjonar. Dermed lever dette biletet og mange andre vidare og kan fortelja om kunstnarens virke.

Ivar Haugen

Les mer...

Relaterte artikler