Gleden

Av Runa Førde (1971)

Om kunstverket

Runa Karin Førde (1933 - 2017, Stokke i Vestfold) var norsk malar, grafikar og illustratør. Ho vart utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (1949-1953) og Statens kunstakademi (1953-1957). Førde debuterte som illustratør allereie i 1945 med teikningar til Ragne Bredas Lisemor i krig og fred. Ho illustrerte fleire bøker, særleg barne- og lesebøker, og vakte merksemd med sine skildringar av kvardagslivet i dagens Kina. Førde har elles hatt utsmykningsoppdrag, mellom anna for Gimsøy skule i Skien, og har deltatt på ei lang rekkje utstillingar. Førde er innkjøpt av mellom andre Nasjonalgalleriet i Oslo.
Motivet viser jenter som danser eller leiker i ring, og er malt i kjappe strøk i lyse fargar.

Relaterte artikler