Auga og må hava sitt

Av Herborg Kverneland (1995)

Om kunstverket

Herborg Kverneland er ein kjend kalligrafi-kunstnar, busett på Kvernaland. Kunstnaren har utforma ei rekkje plakater og prisar, mellom anna for Time kommune. Ho har deltatt i fleire gruppe og separatutstillingar med kunsten sin, og er kanskje mest kjend for Haugtussa-teppene. "Haugtussa" var eit samarbeidsprosjekt mellom kunstnarane Herborg Kverneland og Herborg Larsen, der Larsen har vevd motiva ut frå Kvernelands maleri og vevkartongar. Samarbeidet starta i 1997 og vart ferdig til Garborg-jubileet i 2001. Kverneland. Kverneland leikar ofte med den visuelle sida av bokstavar og ord. Dette arbeidet er difor typisk for henne. Her seier orda det dei vil at auge skal gjere; å sjå kunstverket. Arbeid som beskriv eller handlar om seg sjølve kallast meta-arbeid.

Herborg Kverneland

Les mer...

Relaterte artikler