• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Kveldsstemning

Av Frank Frantzen (1980)

Om kunstverket

Frank Franzen markerte seg både som malar og grafikar. Han skapte både figurbilete og landskap, men har særlig vore opptatt av byen som motiv. Byen representerte for han ein sum av opplevelsar og inntrykk, som han mellom anna mottok på studiereiser i Europa. Motiva i bileta hans er forenkla og i mollstemte, mørke fargetonar. Forenkling preger òg portretta hans. I de reine landskapsbileta, særleg i skissene og i bilde med utprega jærsk atmosfære, kan fargane få spille friare mot kvarandre.
Frank Frantzen (1923 - 2011) høyrte til kjerna i Stavanger malerkoloni i 1960- og 70-åra. Han delte i mange år tida mellom arbeid i postverket og malinga. Etter kvart utvikla han seg til ein sikker kolorist med basis i ein stram og velproporsjonert komposisjon, og han blei frå midten av 1950-åra malar og grafikar på heiltid. (Kjelde: Norsk kunstnarleksikon 1982-1986)

Relaterte artikler