The Stardom Glow

Av Pøbel (2015)

Om kunstverket

Pøbel er ein kjend urban kunstnar frå Jær-regionen. Han føretrekkjer å vera anonym og få kjenner hans eigentlege identitet. Pøbel har arbeidd med sjablongmaleri sidan slutten av nittitallet, men begynte ikke å mala ute før i 2002, fascinert av graffiti- og gatekunstbevegelsen i dei større byane. Pøbel innsåg snart at det ikkje var gater som lokka han mest og vart inspirert til å plassera den urbane kulturen i ingenmannsland. Prosjekta hans i Lofoten, kor han tok i bruk gamle husvegger og løer som "lerret", gjorde raskt områda til turistdestinasjonar. Eit av motiva er ein fiskar med gul sydvest og surfebrett under armen. Motivet figurerte lenge som vignett for TV2. Pøbel ønskjer å vitalisera område i landet som står i fare for å verte fråflytta. Eit av dei seinare, store prosjekta hans er Komafest i Vardø, kor han har invitert kunstnarar frå heile verda til å laga kunstverk. Kunsten til Pøbel kommenterer ofte samtida. Det siste verket han har laga i Bryne sentrum er eit stensil-maleri om kjærleik under korona-epedemien (2020).

Maleriet på kornsiloen på Bryne er malt på oppdrag frå Bryne kunstforening, i samband med ei utstilling av urban kunst. Utstillinga vart verkeleggjort i nært samarbeid med Pøbel, sidan mange av kunstnarane arbeider anonymt og difor er vanskelege å nå. Dei oppgitte måla er cirkamål.

Pøbel

Les mer...

Relaterte artikler