Utan tittel

Av Claudio Ethos (2015)

Om kunstverket

Claudio Ethos (1982, Sao Paulo Brasil) heiter eigentleg Claudio Rafael. Han har jobba med graffiti sidan 90-tallet, og starta med spraymaling rundt 15-årsalderen. Han er påvirka av retninga kunstnarane i Sao Paolo jobba i, men har utvikla ein unik og lett kjennelig stil. Ethos studerte i to år på ein høgskule for visuell kunst, men hadde ikke økonomi til å fullføra graden. Han forlet ei formell utdanning for å jobbe som malar, og opererte som kunstnar på sida av.

Ethos var etterkvart ein kjend urban kunstnar, med arbeid i offentlege rom og utstillingar over heile verda. Arbeida har ein kontrollert fargepalett - anten berre svart og kvitt eller svart og hvitt med ein tilleggsfarge. Motiva er ofte surrealistiske, karakterane vert skildra gjennom si emosjonelle tilstand og viser ofte menneske som kjempar for å overleva; engstelege, invadert av krefter utenfor deira kontroll. Og sjølv om nokre av verka hans er optimistiske, drøymande eller til og med humoristiske, er det rett å seie at leiemotivet i arbeida er mennesket sin kamp mot umenneskelege system og brutale levekår.

Ethos arbeider oftast i store format. Nokre gonger opptil 30 meter høge, slik som dette maleriet på siloen ved Bryne mølle. Storleiken vert ikkje mindre fascinerende når ein veit at utgangspunktet for veggmaleria er små kulepenntekningar som den vi ser lagt ved her.
Måleriet vart utført i samband med ei utstilling Bryne kunstforening hadde med urbane kunstnarar i 2015, etter ei teikning laga under opphaldet på Bryne.
Måla som er oppgitt er cirka-mål

Relaterte artikler