Om kunstverket
Bysta av Torkel Lende (1849-1909) er laga av Rennesøykunstnaren Svein Magnus Håvarstein. Torkel Lende var fødd på Lende i Time. Han gjekk på lærarkurs i 1866 og vart der venn med Arne Garborg. Lende var ei lita tid folkeskulelærar, men byrja tidleg å sysle med ymse slag oppfinningar, fyrst for heimeindustrien, i til dømes skomakarhandverket. Lende hadde mange talent; mange meinte at han var genial på fleire felt. Han var mekanikar og oppfinnar, og gjorde ei mengd tekniske oppfinningar av høg standard for forskjellige oppdragsgjevarar. Dei mest kjende er treskomaskinen, leistemaskinen, fasongdreiebenken, og turbinregulatoren. Mange av oppfinningane var knytte til hermetikkindustrien i Stavanger, dit han flytta og slo seg ned. Men rik på oppfinningane vart han ikkje. Lende var grunnleggjar og redaktør av det første trykte bladet i Time, «Heimhug» frå 1871, og han konstruerte og bygde typisk nok sjølv trykkepressa.
På steinen står det «Torkel Lende - oppfinnar». Lende har fått ein veg på Bryne oppkalla etter seg. (Kjelde: Sigbjørn Reime "Monument og minnesmerke i Time")
Svein Magnus Håvarstein (1942-2013 , Rennesøy) debuterte som bilethoggar og grafikar i andre halvdel av 1960-åra og arbeidde parallelt med skulptur og grafikk. Dei tidlegaste skulpturarba viser påverknad frå akademitida hos Per Palle Storm, mens eldre mestrar som Dürer, Rembrandt og Lars Hertervig syns å ha gitt inspirasjon og impulsar til dei grafiske arbeida. Kunstnerens nære kontakt med naturen var avgjerande for skaperevne og verksemd, og var ein av grunnane til at han straks etter avslutta utdanning vendte tilbake til Rennesøy. Her budde og arbeida sidan som biletkunstnar i nær tilknytning til motiv og modellar. Håvarstein arbeidde helie tida innan eit naturalistisk og figurativt formspråk med visse tendensar i surrealistisk retning. Ut over i 1970-årea vart formspråket friare og meir forenkla. Arbeida vart meir personlege i si uttrykkskraft, både i form, innhald, val av motiv og utnytting av egenskaper og muligheiter ulike materialar og teknikkar. (Kjelde: Wathne, Berit: Svein Håvarstein i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 8. januar 2021 fra https://nkl.snl.no/Svein_H%C3%A5varstein)