Torkel Lende

Av Svein Magnus Håvarstein (1986)

Om kunstverket

Bysta av Torkel Lende (1849-1909) er laga av Rennesøykunstnaren Svein Magnus Håvarstein (1942-2013 ).

Torkel Lende var fødd på Lende i Time. Han gjekk på lærarkurs i 1866 og vart der venn med Arne Garborg. Lende var ei lita tid folkeskulelærar, men byrja tidleg å sysle med ymse slag oppfinningar, fyrst for heimeindustrien, i til dømes skomakarhandverket.
Lende hadde mange talent; mange meinte at han var genial på fleire felt. Han var mekanikar og oppfinnar, og gjorde ei mengd tekniske oppfinningar av høg standard for forskjellige oppdragsgjevarar. Dei mest kjende er treskomaskinen, leistemaskinen, fasongdreiebenken, og turbinregulatoren. Mange av oppfinningane var knytte til hermetikkindustrien i Stavanger, dit han flytta og slo seg ned. Men rik på oppfinningane vart han ikkje.
Lende var grunnleggjar og redaktør av det første trykte bladet i Time, «Heimhug» frå 1871, og han konstruerte og bygde typisk nok sjølv trykkepressa.

På steinen står det «Torkel Lende - oppfinnar».
Lende har fått ein veg på Bryne oppkalla etter seg.
(Kjelde: Sigbjørn Reime "Monument og minnesmerke i Time")

Relaterte artikler