Cantou

Av Therese Nordtvedt

Om kunstverket

Therese Nortvedt (f. 1953 - ) er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim, Kunstakademiet i Oslo, Central School of Art and Design i London og English National Opera Theatre Design. Ho har òg hatt, som første norske kunstnar, eit treårig arbeidsstipend og studio ved PS1, ein del av MoMa i New York. Surrealismen og dadaismen er retningar som vert trekte inn i omtalar om kunsten til Nordtvedt. I dette biletet har ei ung kvinne eller jente fått hovudet erstatta av ein konkylie. Skjell er eit ofte brukt symbol på det reine, og havet eit symbol for det ubevisste. "Cantou" kjem frå portugisisk av verbet cantar - å syngje. Om du legg øyra inntil ein konkylie høyres det ut som han syng om havet. Kanskje er det dette Nordtvedt vil seie noko om i dette biletet? Biletet er ikkje datert.

Therese Nordtvedt

Les mer...

Relaterte artikler