Om kunstverket
Roald Kyllingstad (f. 1942 - ), busett i Stavanger, er teiknar, malar og biletkunstnar. Han er spesielt kjend for pastellbilete i fotorealistisk stil. Kyllingstad er representert i fleire norske kunstmuseer, blant anna i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Kyllingstad debuterte på Vestlandsutstillingen i 1967 med eit abstrakt maleri «Påske». Bildet blei innkjøpt av Nasjonalmuseet. Motivet på dette trykket er frå Galeivågen i Stavanger. Vågen er lang og lun, ikkje stort breiare enn ei elv, Den skjærer seg inn frå fjorden og innover i Hundvåg. Langs den nordøstre sida av vågen blei det frå gamalt av bygd naust og små slippar til båtane i sildefisket. Sidan utvikla det seg til ei samanhengande stripe av bedrifter med tilknytning til reparasjon og service for mindre og mellomstore båtar. Kyllingstad har henta sitt motiv frå Galeivågen slik det ser ut i moderne tid.