Halmballer, Skeie

Av Olav Garborg

Om kunstverket

Olav Garborg (f. 1937 - , Bryne) har sidan 1977 arbeidd som reklamefotograf på Bryne. Garborg har hatt ei rekkje utstillingar kor særleg jærlandskapet har vore i fokus. Varierte motiv i enkle, artistiske bilete - ofte i svart-kvitt - er kjenneteiknet hans. G. er medlem av Forbundet Frie Fotografer og NRL og har vore aktiv i Bryne fotoklubb i mange år.
"Halmballer, Skeie" er eit typisk Gaborg-motiv og viser rundballar på rad og rekkje, sett mot ein høg, lettskya Jær-himmel. Biletet har ikkje opplags-nummer og årstal.

Olav Garborg

Les mer...

Relaterte artikler