Utan tittel

Av Werner Otto Lichtenberg (1960)

Om kunstverket

Biletet er malt av Werner Otto Lichtenberg og viser eit strandmotiv. Biletet er ikkje merka med tittel. På biletramma står eit skilt med inngraveringa "Gåve frå Hå, Klepp og Høyland 1964". Det kjem ikkje fram i kva høve gåva vart gitt.

Werner Otto Lichtenberg (1903-1987) vart født i Polen, vaks opp i Vest-Tyskland og flytta til Noreg i 1925. Etter fleire år på Lista busette han seg i 1948 i Rekefjord, Sokndal, kor han bygde heimen og atelieret Mosetangen. Lichtenberg var begeistra for alt som var norsk, noko som kan forklarast med avskyen hans for ei tiltakande brutalisering av det politiske livet i Tyskland. Lichtenberg var ein trufast naturalist og lite påvirka av rådande kunstretningar. Impulsar frå reiser i Sveits og Italia kjem til uttrykk både i val av motiv og i koloritten, og i ein levande og forteljande biletspråk. Paletten er lys, lett og til dels i varme fargar. Penselstrøka er ofte pastose og gir biletflata liv. Lichtenbergs produksjon er stor. Motiva var landskap, interiør, stilleben, akt og portrett, henta frå hans næraste omgjevnad. I større veggmåleri og glassmosaikkar finn ein ofte fiskarar og småbønder i arbeid på sjøen og til lands. Som portrettkunstnar var kunstnaren særleg opptatt av barne- og kvinneportrett. Av offentlege utsmykningar kan nemnast veggmålerier i Vanse ungdomshus på Lista (1950) og Hauge og Dalande skular (1956). Lichtenberg har òg laga glassmosaikkar til Sokndal rådhus (1978) og fleire aldersheimar i Sokndal, kor han òg har utført veggmåleri (1955). Kunstnaren viste arbeid ved ei rekkje solo- og gruppeutstillingar, både i Noreg , Finland, Italia og Tyskland. Lichtenberg fekk Rogaland fylkes kulturpris i 1980 og Sokndals kulturpris i 1981.

(Kjelde: Norsk kunstnerleksikon, https://nkl.snl.no/Werner_Lichtenberg)

Werner Otto Lichtenberg

Les mer...

Relaterte artikler