Terje Viken

Av Hans Gerhard Sørensen (1963)

Om kunstverket

Motivet for dette trykket er henta frå henrik Ibsens dikt om Terje Vigen. Diktet bygjer på fortellingar frå sørlandskysten under napoleonskrigen og kornblokaden 1808-1811. På denne tida var Danmark-Noreg i krig med mellom andre England, som hadde innført handelsblokadar og dermed kuttet all kontakt mellom Norge og Danmark. Dette medførte hungersnaud i Noreg. Hovudpersonen i diktet vart tatt av eit britisk marinefartøy og sendt i krigsfangenskap i Storbritannia, den såkalte «prisonen». Hans Gerhard Sørensen (F. 1923 -) er ein av landets fremste bokillustratørar. Han er i første rekkje grafikar og tresnittet er hans uttrykksform. Han beherskar særleg xylografiteknikken godt. Han har òg brukt teikningar i sitt illustrasjonsarbeide, og har en stor produksjon bak seg. S. spelar på et breitt register i sine illustrasjonar, men sjølv om uttrykket kan vera forskjellig frå bok til bok, utvikla han raskt ein lett gjenkjenneleg stil. Den kan karakteriserast som lett abstrahert naturalisme, kor han særleg lukkast i fremstillinga av menneske og dyr mot ei forenkla eller ornamentliknande bakgrunn. Han nyttar medvite tresnittets mogelegheiter i den dramatiske kontrasten mellom svart og kvitt. S.' illustrasjonar er stort sett forteljande og ligg tett opp til teksten, men han kan òg lage arbeider av meir symbolsk karakter. Sørensen vart utdanna ved Statens Kunst og Håndverksskole under Carsten Lien, Chrix Dahl og Thorbjørn Lie-Jørgensen 1945-48; Kunstakademiet under Aage Storstein 1948-50. S. debuterte på Høstutstillingen i 1948. (Kjelde: Store Norske Leksikon, Norsk kunstnerleksikon 1982-1986) Trykket er ikkje nummerert, men det er merka E. T. (Eige trykk, noko som betyr at kunstnaren sjølv har trykt det)

Hans Gerhard Sørensen

Les mer...

Relaterte artikler