Om kunstverket
Biletet er malt i ein laus og ledig stil, med djerve strøk og klare fargar. Motivet er truleg frå Jærkysten, kor kunstnaren henta inspirasjon til mange av sine bilete. Biletet har ikkje tittel og er ikkje datert, men ut frå stilen kan det sjå ut som at det kan vera eit av hans seinare måleri. Frank Frantzen (1923 - 2011) høyrte til kjerna i Stavanger malerkoloni i 1960- og 70-åra. Han delte i mange år tida mellom arbeid i postverket og malinga. Etter kvart utvikla han seg til ein sikker kolorist med basis i ein stram og velproporsjonert komposisjon, og han ble frå midten av 1950-åra malar og grafikar på heiltid. Frantzen malte både figurbilete og landskap, men har særlig vore opptatt av byen som motiv. Byen representerte for han ein sum av opplevelsar og inntrykk, som han mellom anna mottok på studiereiser i Europa. Motiva er forenkla, mollstemte, mørke fargetonar i brun-rødt, svart og grått dominerer. Forenkling preger òg portretta hans. I de reine landskapsbileta, særleg i skissene og i bilde med utprega jærsk atmosfære, kan fargane få spille friare mot kvarandre. F. har også markert seg som grafiker. (Kjelde: Norsk kunstnarleksikon 1982-1986)