High Five

Av Marit Aanestad (2015)

Om kunstverket

Marit Aanestads «High Five» er vinnarprosjektet i konkurransen om kunstutsmykking ved Bryne vidaregåande skule. Kunstverka er inspirerte av kulturelle fenomen og landbrukshistoria til Jæren.
Aanestad var fascinert av at bøndene under krigen plasserte bretta «hattar» av voksa papir over kålhovuda som vern mot frost (forløparen til å dekka åkrane med plast). Den enkle konstruksjonen, alt arbeidet som vart lagt ned i kvar «hatt» og omtanken og pleia som må til for at avlinga skal gro, rørte henne. I «High Five» er hatteformen tolka i syrefast stål, der to flater - slik som papiret - er bretta og sveisa samen. Tittelen spelar på at stålplatene møtes som var dei to hender i ei helsing.
Skulpturane er bygd av 10 mm tjukke stålplater og dannar eit ope rom å gå inn i, ein slags paviljong. Veggane er delvis perforerte med laserskåren tekst av kjende musikarar frå området, som Tønes, Kaizers Orchestra og Skambankt. Farga ledlys er støypte ned i golvet og lyser opp innvendige veggar og teksten når det er mørkt. Paviljongane har òg sittepullertar i svart, polert betong.

Relaterte artikler