Haugtussamotiv

Av Marie Hauge

Om kunstverket

Desse måleria er gitt til Time bibliotek frå ei privat samling og har Arne Garborgs "Haugtussa" som motiv. Kunstnaren er Marie Octavia Nielsen Hauge (f. 1864, d.1931) og titlane er: "Måneskinnsdans", "Måneskinnsmøyane/Haugtussedans", "Veslemøy" og "Vår/Det stig av hav".
Den viktigaste læraren for Marie Hauge var Harriet Backer. Mange utanlandsreiser og -opphald gav henne impulsar i kunstnarskapen. Hauge var først og fremst malar. Som bilethoggar arbeidde ho i små format, med statuettar og relieff. Ho stilte først og fremst ut malerier, berre på Høstutstillingen 1905 deltok ho som bilethoggar. Landskapa hennar er måla i ei noko tørr og tung naturalisme. Anmeldarar føretrakk difor ofte skissene og akvarellane hennar, som er friare og friskare i form. Hauge har malt mange portrett. Aasta Hansteen (1902, Drammens Kunstforening Faste Galleri) vert rekna som eit hovudverk. (Kjelde Norsk kunstnerleksikon)

Relaterte artikler