Undulator

Av Per Formo (2011)

Om kunstverket

Utsmykkinga "Undulator" vart utført av Per Formo (f. 1952 - ) til opninga av Time bibliotek og Garborgsenteret. Utgangspunktet er biblioteket og senteret sin visjon om å vera ei oase for kunnskap og oppleving for alle. Formo har lagt vekt på å formgje ei visuell, estetisk oppleving med vekt på spill av fargar og former. Utsmykkinga er meint å stimulera til undring over korleis gjentakande, geometriske konstruksjonar og former kan varierast i det uendelege. Kunstverket er lekent og oppfordrar til utforsking.

Alle delane i kunstverket skriv seg frå ein og same geometriske konstruksjon, kor kunstnaren har latt ei linje følgje endepunktet av ein diameter som roterer mot klokkeretningen i 45 gradars trinn, i eit nettverk av sirklar - horisontalt og vertikalt. Deretter har han latt ei anna linje følgje motsatt ende av diameteren på same måte, og eit "bølgjande nett" oppstår. Korleis "nettet" ser ut, kan du sjå på fondsveggen som går over to etasjar. At former og farger vert repetert, gjev flyt og samanheng gjennom romma. Det vert opp til kvar og ein av oss å reflektera over korleis dei enkelte delane av verket heng saman og korleis me kan tolka desse variasjonane i ein annan sog vidare amanheng. Kanskje kan ei slik utforsking samanliknast med ei vitenskapleg haldning, undrast kunstnaren; me prøver å sjå samanhengar medan me undersøkjer og tenkjer. For korleis er eigentleg dette skrudd saman?

Ordet "undlator" kjem av latin, frå undula (lita bølgje), diminutiv av unda (bølgje).

Merk: Som ein del av den kunstneriske utsmykkinga av Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter er det laga ei bok, utført av Per Formo i 2011-2012. Boka har fått si endelige form i et nært samarbeid mellom Per Formo og forfattaren Arild Vange. Alle bileta i boka er laga med same geometriske konstruksjonen som i delar av utsmykkinga, og slik han vert presentert på dei første sidene. Boka er produsert i et opplag på åtte eksemplar. Innbunde utgåve finst i Time bibliotek si boksamling. Bøkene er signerte og nummererte.

  • Kunstner:
  • Tittel: Undulator
  • Kategori: Billedkunst
  • År 2011
  • Stil: Abstrakt kunst
  • Materiale / medie: Maling
  • Teknikk: Malerkunst
  • Beskrivelse teknikk/medie Malerier på vegg
  • Sted Time bibliotek
  • Plassering Utsmykkinga går gjennom Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter og strekkjer seg over begge etasjar

Per Formo

Les mer...

Relaterte artikler