Objekt I

Av Jens Erland (2010)

Om kunstverket

Jens Erland (Bryne, f. 1945 - ) arbeider med keramiske element kombinert med industri-rekvisittar. Dette har resultert i seriar med veggobjekt og frittståande skulpturelle verk, slik som "Objekt I". Motivmessig er arbeidet prega av Erland si interesse for tids- og livssyklus-tematikk (sirkelen), samspelet mellom lys og mørke, restar etter industri, alt som kjem inn under omgrepet overgang. Rytme, repetisjon og farge er viktige verkemiddel i Erlands kunst. Det same er historien til materialet den er laga av, for den påverkar og forsterkar Innhaldet i verket.

"Tematisk er Erland er opptatt av overgangar, interaksjon mellom lys og skugge, tid og livssyklusar, i religiøs eller eksistensiell forstand. Konkret er det ei rekkje spenningsforhold som vert aktivert: fysisk mellom ulike materialer og ulike produksjonsformer, historisk mellom det som er funne og det som er laga nå, formmessig mellom presisjon og tilfeldighet". (Kjelde: Nina Malteruds tale til Jens Erlands utstilling SIRKEL i Skur 2, Stavanger, 02.10.2010)

Erland er busett i Time kommune og har verkstad og galleri saman med Karen Erland i Hetlandsgata i Bryne. Han har deltatt i ei rekkje solo og gruppeutstillingar, har hatt store utsmykkingsoppdrag, er innkjøpt til ulike samlingar og fekk Stavanger aftenblads kulturpris i 2007 og Norske kunsthåndverkeres ærespris i 2017:

https://norskekunsthandverkere.no/aktuelt/nks-aerespris-til-jens-erland

Relaterte artikler