Brynestein

Av Christian Sunde (2016)

Om kunstverket

Brynesteinane er små kunstverk felt ned i gatene i Bryne sentrum. Ideen har vore å gje den tradisjonelle gatestrukturen innslag av friske og brytande kunstnariske element ved å erstatta enkeltståande belegningsstein med Brynesteinane. Kunstverka varierer i storleik etter kva stein dei erstattar og eignar seg godt som kunst/kulturløype for store og små.
Denne steinen viser barneteikningar av tri andlet.

Kunstnaren har henta inspirasjon frå Brynes vekst og endring, og ville gjerne at steinane skulle visa ulike delar av byens identitet.
Nokre lyser i sprelske fargar. Andre har fotavtrykk av menneske eller dyr. Enkelte har ein tekst med ein bodskap. Fleire er interaktive og endrar seg når dei vert rørte eller trødde på, slik som Hulda og Arne Garborg som blinkar lurt til kvarandre på fortauget i Erlendsbakken.
Ved Krogedal bokhandel er det markert at plassen ein gong hadde ei smie. Derfor ble brusteinen der utstyrt med lyd, ei klikking som høyrest kvar gong nokon går forbi. Tanken er at folk skal stoppa og undra seg over lyden, og så oppdaga skulpturen av smeden høgt oppe på butikkveggen.

Relaterte artikler