Om kunstverket
Per Odd Aarrestads trykk viser eit kystlandskap med hus og naust. Motivet er sett ovanfrå.
Per Odd Aarrestad (F. 1940 - ) arbeider både med grafikk, teikning, skulptur og måleri. Han står òg bak ei rekkje utsmykkingar i offentlege og private bygg. I Time kommune har han mellom anna laga det vakre glasmåleriet i Bryne kyrkje. Formspråket var non-figurativt til midten av 70-åra, då abstrakte formelementer vart samanstilt med stiliserte naturalistiske figurasjoner. Seinare har han arbeidd noko meir figurativt. (Kjelde Norsk kunstnerleksikon I - V, 1982-1986) Biletet har ikkje tittel og årstal.