Torso

Av Fritz Røed

Om kunstverket

Skulpturen "Torso" er laga i gips. Det går ikkje fram av skiltinga kva årstal han er laga, men det er truleg eit av Røeds tidlege verk. Kunstnarar som arbeider i bronse lagar oftast først ei "støypeform" i gips, som utgangspunkt for å kunne lage fleire like skulpturar. Denne torsoen er nok ein slik "før-skulptur" og som sådan ikkje meint å stillast ut. Om Røed faktisk støypte "Torso" i bronse er ikkje kjend, men den kvite, vakre gipstorsoen viser kunstnarens fine handverk og gir òg eit innblikk i kva ein utgangspunktet for ein bronseskulptur er.

Bilethoggaren og skulptøren Fritz Røed (1928 - 2002) vart født på Bryne i Time kommune. Som tolvåring flytta han til Oslo, der han etterkvart studerte ved Statens handverks- og kunstindustriskole og ved Statens kunstakademi. Sidan vart det utanlandsstudiar i Danmark og Frankrike.
Røed debuterte på Høstutstillingen i 1956 med to barnefigurar. Figurane viste Røeds tekniske dyktigheit som modellør innan eit tilnærma realistisk formspråk, inspirert av læraren Per Palle Storm på Kunstakademiet. Andre tidlege inspirasjonskjelder for Røed var kunstnaren Adam Fisher.
Røed har laga ei rekkje skulpturar i steingods og bronse. Uttrykket varierer frå det figurative til meir leikne og stiliserte former. Det mest kjende verket er truleg «Sverd i fjell» (1980-83), som står plassert ved Hafrsfjord til minne om slaget (ca. 850-900 e. Kr.).
Time kommune eig mange skulpturar av Røed og har òg ein skulpturpark langs Bryneåna i sentrum av Bryne. Parken vart opna i 2004 og er realisert ved hjelp frå lokalt næringsliv, kunstnaren og Rogaland fylkeskommune. Parken hadde opprinnleg ti skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik og er sidan supplert med eit verk av Skule Waksvik («Memento mori») og Marit Wiklund («Søstre»).
Brosjyre om parken får du i Servicetorget på Time rådhus, kor du òg kan få kjøpt postkort og plakatar med bilete frå parken.
(Kjelde: Norsk kunstnerleksikon)

Relaterte artikler