Thea

Av Fritz Røed (1999)

Om kunstverket

Skulpturen "Thea" er laga i bronse og viser eit vakkert utforma ungpikehovud. Det går ikkje fram av skiltinga kven som er portrettert. Skulpturen vart gitt i gåve av Fritz Røed i 2003.

Bilethoggaren og skulptøren Fritz Røed (1928 - 2002) vart født på Bryne i Time kommune. Som tolvåring flytta han til Oslo, der han etterkvart studerte ved Statens handverks- og kunstindustriskole og ved Statens kunstakademi. Sidan vart det utanlandsstudiar i Danmark og Frankrike.
Røed debuterte på Høstutstillingen i 1956 med to barnefigurar. Figurane viste Røeds tekniske dyktigheit som modellør innan eit tilnærma realistisk formspråk, inspirert av læraren Per Palle Storm på Kunstakademiet. Andre tidlege inspirasjonskjelder for Røed var kunstnaren Adam Fisher.
Røed har laga ei rekkje skulpturar i steingods og bronse. Uttrykket varierer frå det figurative til meir leikne og stiliserte former. Det mest kjende verket er truleg «Sverd i fjell» (1980-83), som står plassert ved Hafrsfjord til minne om slaget (ca. 850-900 e. Kr.).
Time kommune eig mange skulpturar av Røed og har òg ein skulpturpark langs Bryneåna i sentrum av Bryne. Parken vart opna i 2004 og er realisert ved hjelp frå lokalt næringsliv, kunstnaren og Rogaland fylkeskommune. Parken inneheld opprinnleg ti skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik og er sidan supplert med eit verk av Skule Waksvik («Memento mori») og Marit Wiklund («Søstre»).
Brosjyre om parken får du i Servicetorget på Time rådhus, kor du òg kan få kjøpt postkort og plakatar med bilete frå parken.
(Kjelde: Norsk kunstnerleksikon)

Relaterte artikler