Farfars hage

Av Ingeborg Skrudland (2014)

Om kunstverket

Farfars hage-bileta til Ingeborg Skrudland er ei hyllest til farfarens gamle frukthage på Nubben, der ho leika då ho var liten. I farfarens tid var hagen godt vedlikehalden, med plommetre, blomar og busker. Men då Skrudland var barn var hagen overgrodd, nærmast ein liten jungel, der ungane fekk boltra seg og sleppa fantasien laus. Å få vera der hadde eit snev av eventyr over seg, seier Skrudland i dag.
Fridomen og magien i å vera liten i det store, ukontrollerbare. I skumringa, når konturane byrja viskast ut. Dette gjorde eit uutsletteleg inntrykk på kunstnaren. Det er minna og inntrykka frå barndommen og farfarens rike ho tolkar inn i denne fotoserien.
I 2014 heldt Skrudland ei utstilling med heile 46 bilete i Njåskogen, der blant anna Farfars hage-serien var med. Fotografia var montert langs stien som buktar seg gjennom skogen. I ein skog som er dyrka og kultivert natur kunne små og store såleis oppleva desse bileta, kor naturen langsamt tar over det det som ein gong var dyrka og kultivert .
Fotografia er monterte på aluminiumsplater.

Relaterte artikler