Siste haredans

Av Ingeborg Skrudland (2014)

Om kunstverket

"Siste haredans" viser ei ung, naken kvinne ute i naturen. Håret hyller henne inn, mest som ei beskyttande kappe. Ho bærer på ein hare og ser rett mot den som betraktar fotografiet. Motivet er iscenesett. Kunstnaren har villa uttrykkje noko udefinerbart, underleg. Portrettet er ikkje forskjønnande, det er ei ærleg framsyning av kvinna slik ho faktisk såg ut. Samstundes gir situasjonen assosiasjonar til eventyr, huldrer og myter.

I 2014 heldt Skrudland ei utstilling med heile 46 bilete i Njåskogen, der blant anna "Siste haredans" ein serie på i alt seks foto var med. Fotografia var montert langs stien som buktar seg gjennom skogen. I ein skog som er dyrka og kultivert kunne små og store såleis oppleva desse bileta, som viser ei meir mytisk side ved naturen. Fotografia er monterte på aluminiumsplater.

Ingeborg Skrudland

Les mer...

Relaterte artikler