Balanse

Av Nina Nesje

Om kunstverket

Nina Nesje er ein kunstnar med eit figurativt, naturalistisk uttrykk. Ho arbeidar først og framst i leire og støyper i bronse, men har òg i ei årrekkje hogd i marmor. Denne vesle skulpturen viser til balanse i kvar enkelt menneske sitt liv, og òg balanse i ein større samanheng, som til dømes i forholdet mellom arbeidsgivar og tilsett, samfunnsoppdrag og personlege behov.

"Balanse" er gitt Time kommune i gåve av Delta, som ein del av utmerkinga "Arbeidsgiverprisen 2012". Det er ikkje kjend kva tid skulpturen er laga.

Relaterte artikler