• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Poeten

Av Fritz Røed (2001)

Om kunstverket

Sjølv om kunstverket har god portrettlikskap, er ikkje skulpturen av Kolbein Falkeid ei naturalistisk framstilling av diktaren. Fritz Røed har her tolka det å vera poet. Langs den smale kroppen slyngjer det seg planter og blomar, det er som om heile mannen er grobotn for kreativ vekst. Skulpturen vart gitt i gåve av Fritz Røed.

Bilethoggaren Fritz Røed (1928 - 2002) vart født på Bryne i Time kommune. Som tolvåring flytta han til Oslo, der han studerte ved Statens handverks- og kunstindustriskole og ved Statens kunstakademi. Sidan vart det studiar utanlands, i Danmark, Italia og Frankrike. Størst inspirasjon fann han i Italiensk skulptur og kultur, bilethoggarane Martini, Marino og Manzu og karneval, Comedia dell Arte, Arte Povera og livsglede.
Røed debuterte på Høstutstillingen i 1956 med to barnefigurar. Figurane viste Røeds tekniske dyktigheit innan eit tilnærma realistisk formspråk, inspirert av mellom anna den danske bilethoggaren Adam Fisher, som hadde stor innflyting i framveksten av det som seinere er kalla Nordisk Abstrahert Realisme.
Røed har laga ei rekkje skulpturar i steingods og bronse. Uttrykket varierer frå det figurative til reint abstrakte former, ofte leikent og med eit blikk for det humoristiske og til tider burleske.
Røeds mest kjende verk er truleg «Sverd i fjell» (1980-83), som står plassert ved Hafrsfjord til minne om slaget (ca. 850-900 e. Kr.).
Time kommune eig mange skulpturar av kunstnaren og har òg ein Fritz Røed skulpturpark langs Bryneåna i sentrum av Bryne. Parken vart opna i 2004 og er realisert ved hjelp frå lokalt næringsliv, kunstnaren, Rogaland fylkeskommune og Time kommune.
Parken hadde i starten ti skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik og er sidan supplert med verket «Watermusic», Skule Waksviks «Memento Mori»» og Marit Wiklunds «Søstre». «Memento Mori»» og «Vipa» er utarbeidd av Waksvik på bakgrunn av Røeds skisser.
I samband med gjenopninga av parken i 2018 vart «Vipa» og «Liten sirkushund» flytta til Rådhuset.
Brosjyre om parken får du i Servicetorget på Time rådhus, kor du òg kan få kjøpt postkort og plakatar med bilete frå parken.
(Kjelde: Norsk kunstnerleksikon)

Relaterte artikler