Garborg

Av Gøril Førsund

Om kunstverket

Gøril Førsunds vesle skulptur viser diktaren Arne Garborg i klassisk positur, lett framoverlent med nevane fest i sida. Garborg er kledd i kort, dobbeltknept frakk med store lommar. Han har bukser utan press, solide sko og skyggelue på hovudet. Garborg framstår som ein mellomting mellom kroppsarbeidar og diktar. Skulpturen viser til forfattarens nære tilknytning til Jærens folk og landskap.

Det er ikkje kjend når skulpturen er laga og heller ikkje om han er utkast til ein figur støypt i bronse.

Relaterte artikler