Trapeskunstneren

Av Fritz Røed (1991)

Om kunstverket

Som fleire av skulpturene langs Bryneåna, er også "Trapeskunstneren" ein del av gjøglar-universet til kunstnaren. Figuren er leikent utforma og viser ein klovn som held balansen på ein slags sykkel med berre eit hjul.

Fritz Røed skulpturpark ligg langs Bryneåna ("Kongo") i sentrum av Bryne og vart opna 1. oktober 2004. Parken er realisert ved hjelp frå lokalt næringsliv, kunstnaren og Rogaland fylkeskommune. "Gjøglaren" er gitt av Aarbakke as.
Parken inneheld opprinnleg ti skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik, alle laga av kunstnaren Fritz Røed. Her er humor, alvor, leik og ettertanke. Livsglede i det enkle og det kraftfulle, og stort rom for meiningar og tolkingar.
Skulpturane lever saman med parken, med lyset, vêret og årstidene, og er ein unik attraksjon kvar einaste dag. Etter nyopninga av parken i juni 2018 inneheld parken nå også leikeapparat for barn, fontener, fleire benkar, bord og sitjeplassar. I samband med nyopninga vart òg "Vipa" og "Liten sirkushund" flytta til Rådhuset.
Parken er universelt utforma.
Brosjyre om parken får du i Servicetorget på Time rådhus, kor du òg kan få kjøpt postkort og plakatar med bilete frå parken.

Relaterte artikler