Uten tittel

Av Andreas Bøe

Om kunstverket

"Utan tittel" er eitt av fleire maleri av Andreas Bøe, i Time kommunes eige. Biletet er ikke ein del av Bøesamlinga som kunstnaren gav til kommunen i 2001.
Biletet har ikkje tittel og datering, men er truleg malt ein gong i 1990-åra.

I 2004 opna Time kommune nytt galleri i Bryne mølle, vigd til kunstnaren Andreas Bøe (1916 - 2001). Kunstnaren var aktiv i over 50 år og hadde mange utstillingar både i Noreg og utlandet.
To år før han gjekk bort gav han kunstsamlinga si til Time kommune; 51 maleri og rundt 20 grafiske blad.
Samlinga har i hovudsak maleri av Bøe, men òg verk av andre kunstnarar, som han samla gjennom åra. Gåva er spesiell, ikkje minst fordi den har fleire av hovudverka til Bøe, satt av gjennom 60 år. Den gir innblikk i eit livsverk, med ein kunstnar i stadig utvikling.
Merk: Bøe-samlinga har permanent tilhald i Bryne mølle. Utstillingane varierer, nokre av bileta kan dermed vera utilgjengelege for publikum.

Relaterte artikler