Utan tittel

Av Bjørg Marit Bjørnevik

Om kunstverket

Trykket viser ulike klassiske element på blå bakgrunn; doriske, korintiske og joniske søylekapitel, amforar og ei gruppe menneske. Biletet har òg meir moderne element, som ein datamaskin, ei mappe med foto-negativar og noko som kan vera microchips, i tillegg til skjell, spiralar og andre symbol. Tematisk omhandlar biletet biblioteket i Alexandria. Det er opp til den som ser å skapa samanheng mellom dei ulike elementa, som spenner over eit tidsrom på meir enn 2000 år.

Kunstnaren Bjørg Marit Bjørnevik (f. 1945) er busett i Time. Ho er utdanna ved tekstillinja ved Bergen Kunsthandverksskule og har utført ei rekkje utsmykkingar, mellom anna i Gausel kyrkje. I 1990 mottok ho statleg garantiløn for kunstnarar.

Bjørg Marit Bjørnevik

Les mer...

Relaterte artikler