• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Sart/Tender III

Av Jens Erland (2003)

Om kunstverket

Jens Erland (f. 1945, Bryne) er kjend for eksperimentelle, keramiske arbeid. I "Sart/Tender III" har materialbruken utgangspunkt i Erlands interesse for industrihistoria til Time, kombinert med identiteten hans som kunstnar og keramikar: Den runde kjerna i midten av arbeidet er handlaga steingods, medan "vifta" rundt er filteret til ein stor anleggsmaskin.

Tematisk er Erland er opptatt av overgangar, interaksjon mellom lys og skugge, tid og livssyklusar, i religiøs eller eksistensiell forstand. Konkret er det ei rekkje spenningsforhold som vert aktivert: fysisk mellom ulike materialer og ulike produksjonsformer, historisk mellom det som er funne og det som er laga nå, formmessig mellom presisjon og tilfeldighet.
(Kjelde: Nina Malteruds tale til Jens Erlands utstilling SIRKEL i Skur 2, Stavanger, 02.10.2010)

Erland er busett i Time kommune og har verkstad og galleri saman med Karen Erland i Hetlandsgata i Bryne. Han har deltatt i ei rekkje solo og gruppeutstillingar, har hatt store utsmykkingsoppdrag, er innkjøpt til ulike samlingar og fekk Stavanger aftenblads kulturpris i 2007 og Norske kunsthåndverkeres ærespris i 2017:

https://norskekunsthandverkere.no/aktuelt/nks-aerespris-til-jens-erland

Relaterte artikler