Mellomrom VI

Av Karen Erland (2006)

Om kunstverket

Gjennom sitt høgst personlege, kunstnarlege uttrykk utfordrar Karen Erland oss til å reflektere over kva et minne er og kva natur kan vera. Landskapet på Hå, der ho vaks opp, er inspirasjon for mange av verka hennar. «Mellomrom VI» er inspirert av samspelet i naturen, historie og landskap og viser til rullesteinsstrendene på Jæren, fuglelivet der og tida det har tatt å forma dette vakre landskapet.
"Mellomrom VI" vart laga i 2006 til utstillinga "Grense" på Hå gamle prestegard. Materialet er stål og høgbrendt steingods.

Keramikaren Karen Erland er busett i Time kommune. Ho har verkstad og galleri saman med Jens Erland i Hetlandsgata i Bryne. Erland har deltatt i ei rekkje solo og gruppeutstillingar, har hatt store utsmykkingsoppdrag og fekk Stavanger aftenblads kulturpris i 2007.

Relaterte artikler