Mugge

Av Karen Erland (1992)

Om kunstverket

"Mugge" er modellert i steingodsleire og brendt i vedomn i 1300 grader c. Karen Erland er inspirert av samspelet i naturen, av menneskelege relasjonar, av historie og det som er att etter dei som blir borte. Ho omformar inntrykka sine til ei forteljing uttrykt gjennom leire, ei forteljing som vekslar mellom det som var, det som er og det som blir. Gjennom minner og opplevingar byggjer ho nye historiar, og strekkjer ei linje frå fortid til nåtid.

Keramikaren Karen Erland er busett i Time kommune. Ho har verkstad og galleri saman med Jens Erland i Hetlandsgata i Bryne. Erland har deltatt i ei rekkje solo og gruppeutstillingar, har hatt store utsmykkingsoppdrag og fekk Stavanger aftenblads kulturpris i 2007.

Relaterte artikler